Hopp til innhald

Folkemusikkpøbben

Me har skipaa til folkemusikkpøbb på Kaffistova i Oslo sidan hausten 2021. Det er gratis å kome inn, og pøbben blir organisert på dugnad og stort sett utan nokon form for økonomi. Kaffistova lånar ut lokalet gratis, organisatorane organiserar på dugnad og musikarane speler på dugnad.

Tanken, og ønsket, er å legge til rett for ein arena der musikarar kan møtast for å spele og jamme, for at dansarar skal få danse, og at dei som helst vil drikke øl og preike skit skal få lov til det.

Kan du tenkje deg å hjelpe til med organisering, leie ein jam-session eller spele til dans? Send ein epost til folk (krøllalfa) oslobygda.no!

Du kan sjå alle komande og tidlegare tilskipingar i kalenderen vår.