Lov for Oslobygda kulturlag
Skipa 5. mars 2026
§1 Føremål
Oslobygda kulturlag skal på frilynt grunn skape engasjement for levande folkekultur i hovudstaden – fortrinnsvis innafor Ring 2, så lenge T-banen går.
§2 Verksemd
Laget arbeider for føremålet gjennom opne tilskipingar, hovudsakleg basert på frivillig innsats og godt humør. Folkemusikkpøbben er laget si hovudverksemd.
§3 Medlemskap
Alle som ønskjer å støtte laget sitt føremål kan bli medlem. Medlemmar melder seg inn ved å betale årspengane fastsett av årsmøtet.
§4 Årsmøte
Årsmøtet er laget sitt øvste organ og blir halde minst ein gong i året, helst utan unødig dramatikk. Årsmøtet vel styre, handsamar rekneskap og tek avgjerder i overordna spørsmål. Innkalling skjer med rimeleg varsel; opphengt plakat på pøbben månaden før er innafor.
§5 Styre og ansvar
Laget har eit styre på minst to personar, valt av årsmøtet. Styret representerer laget og har ansvar for økonomi og dagleg drift, i den grad drifta let seg planlegge.
§6 Ein trygg kultur
Laget skal vere ein trygg, open og inkluderande møteplass, og legg til grunn vanleg folkeskikk, gjensidig respekt og låg terskel for å seie ifrå.
§7 Endring og nedlegging
Lova kan endrast med fleirtal på årsmøtet. Ved nedlegging skal eventuelle midlar nyttast til å fremje folkekulturell verksemd i tråd med føremålet, helst i former laget ville ha likt medan det levde.